Skip to main content
"Vekas vekst"Lynghei og beite

Røsslyng

Av 1. oktober 2020oktober 6th, 2020Ingen kommentar

Røsslyng er ein nøkkelplante for lyngheiene langs kysten. Den set sitt preg på heile landskapet. Mest iaugefallande er dette i august, når kysten ligg bada i purpur. Resten av året kan det variera noko, alt avhengig av kva tilstand røsslyngen er i. For lyngheiene er eit kulturlandskap; eit resultat av samspelet mellom røsslyng, eld og beitande husdyr over lang tid. Klimaet langs kysten er årsak til at det berre er her vi finn dei menneskeskapte lyngheiene, medan røsslyngplanta finst over det meste av landet.Namnet røsslyng kjem av det gamalnorske ordet for hest «hross». Tidlegare var «hestelyng» eit ikkje uvanleg lokalnamn, likeeins «beitelyng», «beistalyng» og «bulyng». Alle nemningane syner at røsslyng var skatta som beite- og fôrplante. Lyngslått var vanleg fleire stader i landet. Men røsslyng vart òg nytta på anna vis, til dømes var den mykje brukt til plantefarging. Gamal røsslyng med grov stilk var dugande til brensel, især opptenning, og namn som «rivelyng» og «røskjelyng» var difor heller ikkje uvanleg.Røsslyng er ein spesiell plante. I lyngfamilien ellers er det fleire store planteslekter med ulike artar spreidd over heile kloden. Men røsslyngslekta, «Calluna», har berre denne eine arten, og den finst berre i Europa.

Røsslyng er òg ein folkekjær plante. Dette kom tydeleg fram i 1976 då ho ved ei avstemming i radioprogrammet «Nitimen» vart kåra til Noregs nasjonalblomst. Går du ut i lyngheia ein varm augustdag, vil du kjenna den søtlege nektarangen frå den blømande lyngen. For birøktarane er difor røsslyng ein viktig plante. Men det må ikkje vera for tørt i været. Blomane hos røsslyngen har eit svampaktig vev nederst på innsida av kronblada. I fuktig vær svulmar dette opp så blomane opnar seg og biene kjem til. Produksjonen av lynghonning vert difor ofte betre på Vestlandet enn på Austlandet, kor det lett kan verta for tørt under bløminga.Langs kysten er det likevel som beiteplante at røsslyngen har hatt størst verdi. Her har Golfstraumen til alle tider gjort at vintrane er så milde at dei gamle husdyrrasane, særleg sau og geit, kunne gå ute heile året. For at dyra skulle finna nok mat gjennom vinteren, sytte kystbøndene for at dei altid hadde store nok areal med røsslynghei i god hevd til rådvelde. Dette er grunnen til at vi berre har menneskeskapte lyngheier langs kysten. Dei er knytt til områda kor vinterbeite er mogeleg.Lyngheilandskapet er forma av ei landbruksdrift som var tufta på tre særtrekk hos røsslyngplanta:• Den har vintergrøne blad og skot. Særleg dei unge plantene har like høg beiteverdi om vinteren som om sommaren. • Den spirer godt etter brann, på Vestlandet både frå røter og frø.• Den har ein enorm frøproduksjon. Dei fleste hamnar ned i jordsmonnet kor dei kan halda på spireevna i mange ti-år.Etter 15-20 år vert røsslyngen grovvaksen og mister mykje av beiteverdien avdi den då produserar meir ved enn blad. Heile planten svekkast og vert meir sårbar mot insektsangrep, tørke og frost. Men under optimale tilhøve kan røsslyngplanta verta omlag 50 år gamal. For å hindra at lyngplantene vert for gamle, har kystbøndene i tusenvis av år sett eld til lyngen der det har vore naudsynt. Etter brenning tidleg på året, vil røsslyngen spira frå frøa i bakken alt samme haust. På den måten vert plantene forynga, og bøndene tok på denne måten vare på beitekvaliteten i lyngmarka. Truleg er dette ei av dei eldste formene for landbruksdrift som enno vert praktisert her til lands. Forsking, mellom anna på Lyngheisenteret, har synt at røsslyngfrø frå kysten spirer betre og hurtigare om dei vert utsette for røyk. Røsslyngfrø frå innlandsdistrikt utan tradisjon for lyngbrenning, syner ikkje nokon tilsvarande reaksjon når dei vert utsette for røyk. Det ser altså ut til at røsslyng på kysten har tilpassa seg regelbunden lyngbrenning ved at frøa vert stimulert til å spira betre etter brann. Dette er eit sjeldant døme på at evolusjonen til ein viltveksande plante er påvirka av folk si liverging. På ein måte har kulturarven frå fiskarbonden sett seg i genane til røsslyngen ute på kysten!

Artikkelen ble først publisert på Lyngheisenteret sin Facebook side, 1. mai 2020, skrevet av Mons Kvamme

Skriv en kommentar

Close Menu

Siste innlegg