Skip to main content
Rome, plante, nærbilde
Noko av det vakraste du kan sjå ute i lyngheiane er dei små gule blomstrane til romeplanten. Dei blømer no.
Rome veks på fuktig mark, gjerne i myrkantar og liknande stader. Sjølv om du risikerar å verta blaut på beina, gå bort og plukk opp ein blomsterstilk neste gong du ser ei blømande rome. Med sine knallgule blomsterblad og raudoransje støvknappar på lodne trådar, er dei små blomane ei openberring. Du ser lett at dette er ei lilje — på svensk heiter planten myrlilje. Hos oss er rome den einaste lilja som er vanleg i lyngheiane.
Tankane går til bergpreika i bibelen: «Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei strevar ikkje og spinn ikkje, men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei.» Men til tross for sine vakre blomar, rome er ikkje ein populær plante korkje i lyngheiane eller andre stader der den veks.
Det latinske artsnamnet seier sitt — «ossifraga» — som tyder noko sånt som beinskjørheit. Det vart fyrste gong nytta i eit brev frå kommandanten på Bergenhus i 1667 kor han omtalte rome som «Gramen norvegicum ossifraga».
På dansk heiter planten «benbræk», og namnet rome kjem av gamalnorsk «hrumr» som tyder svak eller skrøpeleg. No kan det sjå ut til at den gamle trua på at smalen fekk svake bein av rome ikkje stemmer heilt. Truleg har det meir med kalkmangel i jordsmonnet å gjera, og det er typisk der det veks mykje rome.
Rom, plant
Men rome skaper fleire andre problem for beitedyra. Framfor alt er planten årsak til hudsjukdomen «alveld» hos sau. Den gjer at dyra ikkje tåler solskin, særleg går det ut over dei kvite lamma som kan få store sår i hovudet. I verste fall vert dei blinda og døyr. Namnet på sjukdomen kjem frå folketrua om at alvane om natta under alvedansen på myrane kasta eld på sauene.
I våre dagar har sjølvsagt forskarane kome med fleire forklaringar på kva for kjemiske stoff i romeplanten som fører til sjukdomen, men dei treng vi ikkje utdjupa her.
Om kyrne skulle rota seg bort på ei myr og eta for mykje romegras kan det få katastrofale fylgjer. Det har skjedd fleire gongar i dei seinare åra at kuflokkar har krepert av akutt nyresvikt etter å ha ete rome. Dette skjer særleg når dyra kjem inn på beite kor dei ikkje er vane med å vera. Dyr som veks opp og er vane med utmarksbeite kor det veks rome, slik som til dømes den gamalnorske sauen (villsau), ser ut til å vera mindre plaga med rome enn moderne husdyr som lever på kraftfor og næringsrikt gras. Dei er mindre «kunnige» om kva som kan etast når dei slepp ut i utmarka.
Sjølv om rome eigentleg er ein myrplante, veks den viljugt på skrinn og ope mark der fuktinnhaldet i marka er høvande. Den tåler ikkje for strenge vintrar, så rome er knytt til kysten og dei ytre fjordstroka. Men her kan den breia seg i utmarka, ikkje minst i område med gamal beitemark ogslåtteteiger som ikkje lenger vert haldne i hevd. Her vert det gjerne liggjande mykje daugras og andre planterester, som held på væta og gradvis gjer marka fuktigare.
I lyngheiane har rome lett for å spreia seg i fuktig lyngmark som held på å gro att. Dette er vanleg mange stader, samstundes som tilgrensande lyngbeite med aktiv drift, kor ellers alt anna er likt, kan vera så godt som fri for rome.
 Det kan sjå ut til at det beste botemiddelet mot denne planten i lyngheiane er tradisjonell drift — systematisk brenning og beite, eller hyppig slått der det er mogeleg. Lyngbrenning åleine hjelper ikkje, men i kombinasjon med beite vil det over tid føra til at romen går attende. Men det er viktig å nytta beitedyr som er vane med romen sine kjemiske løyndomar.
Foto: Artsdatabanken Nils Valland og Lyngheisenteret
Rom, fjernbilde
Artikkelen ble først publisert på Lyngheisenteret sin Facebook side, 31. juli 2020, skrevet av Mons Kvamme
Mons Kvamme

Mons er botaniker og vegetasjonshistoriker med spesiell ekspertise innen kystlyngheier. Han har vært tilknyttet Lyngheisenteret på Lygra, hvor han bidrar med forskning og formidling om kulturlandskap, særlig med fokus på kystleyngheier. Mons har samarbeidet med institusjoner som Universitetet i Bergen og Miljødirektoratet, og har delt sin kunnskap om kystlyngheier gjennom ulike faglige bidrag.

Skriv en kommentar