
Då dei fleste gamle norske sauerasane vart kryssa bort eller forsvann på 1800- og 1900-talet, overlevde ein liten rest av den opphavlege kystsauen ute på øyane i Austevoll. Denne hardføre flokken vart grunnlaget for det vi i dag kjenner som gammalnorsk sau – eller villsau. Mange av villsauflokkane langs norskekysten stammar frå nettopp denne besetninga, som vart berga gjennom målretta bevaringsarbeid. Filmen du no skal sjå er eit unikt tidsbilete frå slutten 1980-tal, og fortel historia om sauen som nesten gjekk tapt – men som fekk nytt liv langs kysten vår.
Vest Villsaulag er glade for å kunne dele denne dokumentarfilmen, som skildrar både sauen, menneska og driftsforma som har vore med på å ta vare på denne unike delen av kystkulturen vår. Filmen er eit viktig tidsdokument frå ei tid då den gammalnorske sauen framleis var lite kjend for mange.
Siste kommentarer