Vedtekter for Vest Villsaulag

 

  • 1 Namn og geografisk arbeidsområde

Vest Villsaulag er ein ideell medlemsorganisasjon geografisk avgrensa til Vestland.

 

  • 2 Formål

Vest Villsaulag har som formål å fremje interesser som knyter seg til bevaring og utvikling av gamalnorsk sau».  Arbeidsområdet er ikkje knytt til noko spesiell driftsform, men søkjer å koordinere, dokumentere og utvikla alle sider ved rasen. Laget skal drive opplysningsarbeid som fører til auka forståing og kunnskap om rasen, og den verdi rasen har både som genressurs, landbruksprodukt, grunnlag for husflidproduksjon og kulturlandskapsarbeidar.

 

  • 3 Medlemskap

Alle kan verte medlem i Vestland Villsaulag, der fylgjande typar medlemskap kan veljast:

  • Personleg medlemskap
  • 50 % av fullpris for påfølgende familiemedlemer inne samme husstand.

 

Utmelding skal skje skriftleg, men eit ubetalt medlemsskap vert rekna som utmelding i første kvartal i etterfølgjande år.

 

Årsmøtet fastset medlemskontigenten.

 

  • 4 Årsmøtet

Årsmøtet er Vest Villsaulag sitt høgste styringsorgan. Det skal haldast årsmøte kvart år, innan utgangen av februar månad. Det vert kalla inn til årsmøte med personlege brev, e-post melding, informasjon på nettside og i sosiale medier. Innkallinga skal vera utsendt minst to veker før årsmøtet. Saman med innkallinga skal ein få tilsendt:

Styret si årsmelding.

Rekneskap.

Forslag til årsmøtesaker må vere styret i hende seinast fire veker før årsmøte-dato. Benkeforslag vert berre handsama dersom 2/3 av årsmøtet vedtek dette. Ved eventuell stemmelikheit, og berre då har leiar dobbeltstemme.

Årsmøtet er alltid vedtaksført, og skal handsame fylgjande saker:

 

Godkjenning av innkalling.

Val av ordstyrar og referent.

Årsmelding og rekneskap.

Forslag til arbeidsplan og budsjett.

Kontingent.

Innkomne forslag.

Val av leiar.

Val av to styremedlemmer.

Val av to varamedlemmer.

Val av revisor med vara, som ikkje er styremedlem i laget.

Val av valnemd.

 

 

  • 5 Ekstraordinært årsmøte

Det kan kallast inn til ekstraordinært årsmøte når eit fleirtal av styret eller ein tredel av medlemmane krev det. Det ekstraordinære årsmøtet kan berre handsame dei sakene som er årsaka til innkallinga. Inkallinga skal skje skrifteleg etter dei fristar som gjeld for årsmøtet og innan seks veker etter at kravet har kome opp.

  • 6 Styret

Vest Villsaulag vert leia av eit styre på fem medlemmar, som er valde av årsmøtet. Leiaren vert vald særskilt for eit år av gangen. Av styremedlemmane går to ut kvart år, første året etter loddtrekning. Kvart år vel årsmøtet to varafolk til styret, og revisor med vara. Styret konstituerer seg sjølv, med nestleiar , sekretær og kasserar.

Styret er vedtaksført når minst tre av styret er til stades, av desse leiar eller nestleiar.

Styret kan peike ut arbeidsutval eller grupper med spesielle arbeidsoppgåver.

  • 7 Vedtektsendringar.

Endringar av vedtekter kan berre skje dersom det er to-tredjedels fleirtal på vanleg eller ekstraordinært årsmøte. Forslag om endring av vedtektene, skal vere eiga sak i årsmøteinnkallinga.

  • 8 Oppløysing.

Med to-tredjedels fleirtal på forslag om oppløysing av laget, på to ordinære årsmøte, kan laget verte lagt ned.

Foreininga si formue skal etter oppløysning og gjeldsavleggjing tilfalle det formål foreininga arbeider for å fremje, ved at nettoformue vert gjeven til ein ideell organisasjon som årsmøte bestemmer.