
Kva kan beinstillinga fortelje oss om korleis sauen rører seg? Kva kan vi sjå etter i ulla, og kva har kroppsforma og horna å seie? I Villsauskulen ser vi nærare på eigenskapane til gamalnorsk sau og kva dei betyr i praksis.
Vest Villsaulag utviklar Villsauskulen for medlemmene våre. Med bilete, illustrasjonar og praktiske døme vil vi vise kva du kan sjå etter i din eigen flokk. Serien er for både deg som nett har byrja med villsau, og deg som har halde på i mange år.
Vi byrjar med beina
Første del handlar om beinstilling og om samanhengen mellom korleis beina er bygde og korleis sauen rører seg. Etterpå tek vi for oss ull og kroppsform, før vi går vidare til horn, manke og ragg, hale og til slutt rasepreg.

Mangfald er ein styrke
Det er naturleg at dyr av same rase har ulike trekk. Ved å sjå på korleis eigenskapane fungerer i miljøet der dyra lever, kan vi bli betre kjende med flokken og ta meir medvitne val i avlen. Målet er god dyrevelferd og å ta vare på dei robuste, funksjonelle eigenskapane og mangfaldet som kjenneteiknar gamalnorsk sau.

Vi håpar Villsauskulen gir deg noko nytt å leggje merke til neste gong du er ute hjå dyra, og noko å snakke om med andre sauehaldarar. Følg med på Vest Villsaulag. Første del kjem snart.
Illustrasjonane er laga med hjelp av KI.
Siste kommentarer