COVID 19:
Pga forholdene rundt COVID 19 er det ikkje anledning å møte flere en 20 personer. Vi må også registrere påmeldte personer.
Årsmøte
Veldig enkel hendelsesliste
Kurs i vurdering av hanndyr
Vest Villsaulag inviterer til kurs i hanndyrvurdering etter rasestandarden på Rongevær kysthytte. Egil Kvalsund frå Sunnmøre Villsaulag og Jan Magne Staurland frå Haugalandet Villsaulag, begge med lang erfaring innan kåring av villsau, blir med oss som instruktørar denne helga. Målet med samlinga er at deltakarane skal bli rusta til å delta i dommarpanelet på villsaulaget sine vêrmønstringar, i tillegg til at ein kan bli betre på å velja ut dei mest rasetypiske og beste dyra til avl i eigen flokk.
Samlinga vil ha ein teoretisk del fredag kveld og ein praktisk del laurdag. Styret stiller med dyr for vurdering. Både erfarne og mindre erfarne deltakarar er velkomne, og me vil leggja til rette for at alle skal få utbyte av opplegget. Som førebuing bør ein setja seg inn i rasestandarden som ein finn på nettsidene til Norsk Villsaulag.
Me har leigd Skulehuset på Rongevær Kysthytte (DNT), der me overnattar frå fredag til laurdag. Sjå meir info om plassen her. Det er ikkje hotellstandard her, så ein må rekna med å dela rom med andre trivelege villsaubønder. Skulehuset har kjøken der me lagar oss mat, og allrom som me kan samlast i for måltid og kveldsprogram. På laurdag vil me vera ute, så ein må ta med gode klede. Rongevær ligg heilt nord i Austrheim kommune, ein dryg time å køyra frå Bergen sentrum. Frå parkeringsplassen ved båthamna har me tilgang på robåtar for å koma oss over det om lag 300 meter lange sundet ut til øya Kjerringa, der Skulehuset ligg.
Deltakaravgift på 900,- dekker overnatting og mat. Bindande påmelding til post@vestvillsaulag.no innan 15.08. Betalingsinformasjon vert sendt ut saman med bekreftelse på plass. Opplys om eventuelle matintoleransar eller andre behov. For å sikra rekruttering av dommarar til mønstringane våre vil medlemmar som seier seg villige til å vera dommar i framtida verta prioriterte dersom det er fleire interesserte enn det er plass til.
Arrangementet er opent for medlemmar av Vest Villsaulag og andre lokallag, samt direktemedlemmar i Norsk Villsaulag. Er du ikkje medlem kan du melda deg inn på nettsida til Vest Villsaulag.
Program
Fredag 6. September
17.00: Ankomst parkeringsplass/båthavn
17.00 – 18.00 Innlosjering og nons (kaffi&snacks)
18.00 – 20.00: Gjennomgang og diskusjon av rasestandard og rettleiar for døming
20.00 – : Middag og sosialt utover kvelden.
Laurdag 7. September
07.30 – 08.30: Frukost
08.30 – 11.30: Vurdering av lamvêrar og risbitar. Me deler oss i grupper og jobbar praktisk med vurdering av ulike dyr med gode og mindre gode eigeskapar. Jan Magne og Egil rettleiar
11.30 – 12.30: Matpause
12.30 – 14.00: Felles gjennomgang og diskusjon
14.00: Slutt.
Håpar å treffa mange av dykk for ei kjekk å lærerik helg!
Beste helsing frå styret i Vest Villsaulag
Foto: Den Norske Turistforening.
Værmønstring
HAUSTENS STORE høgdepunkt for deg som driv med villsau/gammalnorsk sau i Vestland.
Laurdag 21. september arrangerer Vest Villsaulag villsaumønstring i Austrheim i forbindelse med Landbruksdagen i Austrheim. Landbruksdagen er eit årlig arrangement med fokus på landbruksrelaterte aktivitetar, hendingar og utstillingar. Rundt 2500 besøkande var innom arrangementet i 2023.
Har du eit vêrlam, ein risbit, eller ein eldre vêr, meld deg på og ta turen til Austrheimhallen.
Kjøp og sal av avlsdyr.
Vurderer du å driva med, eller allereie har villsau, er dette ein god anledning til å skaffa seg nye avlsdyr, læra noko nytt og bli kjend med fleire som driv med eller er interessert i villsau.
Pris for å stille med dyr er kr. 200,- per dyr.
PROGRAM:
08.00: Oppmøte seinast for påmeldte utstillarar m/hanndyr av gammalnorsk sau. Utstillingsområdet blir stengt for biltrafikk 0830.
10.00 : Mønstringa vert opna av leiar i Vest Villsaulag, Inge.
10.15 – 12.30 : Vest Villsaulag stiller med dommara for å vurderer dyra. Det vert høve til å stilla spørsmål undervegs. Du kan og vera med å stemma på publikumsfavoritten!
12.30 – 13.30 : Pause
13.30 – 16.00 : Mønstringa fortset.
Alle dyra vil få ei skriftleg vurdering iht. rasestandard for gammalnorsk sau /Norsk Villsaulag.
16.30 : Oppsummering & heider til beste villsau/oppdrettar,
og premie til publikumsfavoritten!
PÅMELDING;
Bindande påmelding til post@vestvillsaulag.no innan 1. september 2024.
I utgangspunktet må deltakara ta med eigne grindar. Om nokon ikkje har eller har problem med å ta med, må dette meldast frå ved påmelding så vil ein finna ei løysing.
Er det spørsmål vedrørande påmelding / arrangement ring Guttorm / 951 53 612 eller Bjarte / 907 85 538.
Husk eigenerklæring!
VEL MØTT!