Skip to main content
Engkarse ved Lyngheisenteret

Engkarse finst nesten over heile landet, men ingen stader kan du sjå den i slike mengder som langs kysten av Vestlandet. Den er så vanleg at vi nesten ikkje tenkjer over det. I landbruket vert engkarse rekna som eit teikn på vassjuk jord, men utover mot kysten veks den ikkje berre der, men overalt på eng og kulturmark. Om agronomane ikkje er så glad i den, er ungane dessto gladare – endeleg kjem
det ein blome som kan plukkast hemningslaust til å pynta med.

Blomstrane til engkarse har fire kronblad som sit i ein kross. Dette finst hos alle artar i den store krossblomefamilien som engkarse høyrer til. Den ekte karsen høyrer også til her, men det er ei heilt anna slekt. Krossblomefamilien inneheld mange artar som vert rekna som ugress, og mange som veks i strandsona. Men i denne familien finn vi òg ei lang rad ulike nytteplantar, i tillegg til karse kan nemnast reddik, sennep, vaid (nytta til å laga blåfarge) og framfor alt kålslekta. Den omfattar ikkje berre alle sortar dyrka kål, men òg plantar som nepe, raps og kålrabi.

Engkarse produserar mykje nektar, og den er difor verdfull for dei første biene og humlene om våren. Den er òg høgt skatta av mange sommarfuglar, især Aurorasommarfugl, som legg eggene sine i blomsteren til engkarse. No på våren kan både blomar og blad godt nyttast i salaten, engkarse har ein aromatisk, karseliknande smak og inneheld meir C-vitamin enn til dømes den berømte skjørbuksurten (også ein krossblome). Men utetter på sommaren vert engkarse meir bitter på smak. Etter bløminga veks det fram skulper (to-romma kapsel) der blomane satt. Kvar skulpe inneheld mange frø, og når dei er mogne opnar skulpa seg med ei lita eksplosjon så frøa vert kasta utetter marka. Men det er ikkje alltid at engkarsen rekk å få frøa mogne. Difor har den ei reserveløysing. På nokre av blada sit det såkalla yngleknoppar, små spirer som kan veksa fram til ei ny plante som er genetisk identisk med morplanta. Dette er ei form for ukjønna formering som ikkje er uvanleg i planteriket.

Artikkelen ble først publisert på Lyngheisenteret sin Facebook side, 14. mai 2020, skrevet av Mons Kvamme

Mons Kvamme

Mons er botaniker og vegetasjonshistoriker med spesiell ekspertise innen kystlyngheier. Han har vært tilknyttet Lyngheisenteret på Lygra, hvor han bidrar med forskning og formidling om kulturlandskap, særlig med fokus på kystleyngheier. Mons har samarbeidet med institusjoner som Universitetet i Bergen og Miljødirektoratet, og har delt sin kunnskap om kystlyngheier gjennom ulike faglige bidrag.

Skriv en kommentar