Skip to main content

På varme sommardagar er lyngheiene eit paradis av velduftande ange. Kjem du bort i kanten av ei myr kan det kjennast som ein aromatisk eksplosjon av krydderliknande duft. Då har du treft på pors, ein knehøg busk som veks i våtlendte parti i lyngheiene. Den står ikkje uti djupaste blautmyra, men vått nok til at du vanlegvis vert blaut på beina. Dei grågrøne blada er kileforma og endar i ein takka spiss.Pors er ein såkalla selskapeleg plante, der du finn ein finn du oftast mange, gjerne store kratt. Det kjem til dels av at den lett lagar krypande jordstenglar som sender opp nye planter. På røtene har planta nokre underlege knollar. Dei skuldast symbiose (samliv) mellom pors og ein spesiell type bakterie (actinobakterie av slekta Frankia, før kalla strålesopp) som bind nitrogen frå lufta. Det same finnst til dømes hos or.

Blomstrane til pors er ikkje lett å finna, dei sit i raklar på greinane på same vis som hos rakletrea. Raklane svulmar opp utetter våren og opnar seg no i mai. Nokre buskar har berre raklar med støvbærarar. Dei sit på innsida av rakleskjella, og det er heile blomsteren. På tilsvarande vis har andre buskar berre raklar med støvvegar (arr) på innsida av rakleskjella. Her er det vinden som skal spreia blomsterstøvet, og då har planta ikkje trong for noko meir blomsterutstyr. Når støvbærarar og arr sit på særskilde planter kallast det særbu.Den sterke lukta til pors kjem frå harpikshaldege kjertlar som det er særleg mykje av i blada og dei brunaktege raklane.

Aromaen har gjort planta ettertrakta til ulike føremål i uminnelege tider. Mest kjend er den som «godlukt» på utedoen og andre stader det var trong for slikt. Enno på 1930-talet sto det folk på blomstertorget i Bergen og solgte pors til dette føremålet. Lenge før det fantes møllkuler vart pors nytta i klesskåp og i lintøyskuffer for å halda møll og anna utøy unna. I dag er møllkulene forbodne, så no vert gjerne pors populær att. Likeeins vart planta nytta i sengehalmen for å halda lus og lopper unna. Namn som «lopperis» og «lusegras» fortel om denne bruken og er kjend frå fleire stader i landet.Pors er velkjend som smakstilsetjing i brennevin og øl. Rett nok har humle vore mest nytta til ølbrygging sidan mellomalderen, men det er ikkje alle stader at det er like lett å få mogen humle, og då vart pors brukt i staden for eller saman med humle. Pors har vore tilsett ulike former for drykk sidan bronsealderen, og ved det danske hoffet i 1230 vart pors omtala som «Nordens ølkrydder». Ved utgravingane på Bryggen i Bergen vart det funne eit lager med spira bygg/malt saman med pors og humle. Sjølv den store Linné tala om porsøl. Det var kjend for å gje sterk rus og kraftig hovudverk dagen derpå. Dette er ikkje sikkert. Porsøl er særs velsmakande, så mange meiner at hovudverken ikkje kom av porsen, men av at folk drakk for mykje av det.

Skriv en kommentar

Close Menu

Siste innlegg