Skip to main content
"Vekas vekst"Lynghei og beite

Einer

Av 30. september 2020oktober 1st, 2020Ingen kommentar

På Lyngheisenteret er det full innsats om dagen med å rydde einerkratt. Einerbusker høyrer heime i lyngheiene langs kysten. For folk som budde her var den ein nyttig ressurs. Veden er knallande hard, og vert langsamt nedbroten. Difor vart einer ettertrakta som emne til gjerdestolpar, hesjestaur o.l. Likeeins vart einer alltid nytta til torvhaldskrokane, dei små krokane som held torvtaket på plass.

Også bærene på einerbusken (som reint botanisk ikkje er eit bær) er høgt skatta til matlaging. Det er umogeleg å lage skikkeleg viltsaus utan einerbær. I utlandet vert dei nytta til å setja smak på brennevinet; både Gin og Genever har namna sine frå det latinske namnet på einer: Juniperus. Det høge innhaldet av eteriske oljer gjer at alle deler av planten kunne nyttast til medisinsk og oppfriskande føremål. Opphakka einerbar vart til dømes gjerne strødd på golvet ved store høgtider. Einerrøyk har eit kraftig særpreg og vart nytta til mange føremål, både mot sjukdom og til konservering av mat. Einerlåg var eit avkok av einerkvister med bar og bær. Den vart rekna for å ha rensande og helsefremjande verknad både utvortes og innvortes. Låg frå einerbær tilsatt litt sukker og kokt inn til sirup, vart nytta til å laga treak, eit særnorsk snop. Då skikken med juletre nådde fram til kysten av Vestlandet på 1800-talet, hadde ikkje folk gran eller furu dei kunne nytte. Då tok dei heller ein einerbusk i hus og pynta.

Hvis lyngmarka ikkje vert halden i hevd med beiting og brenning, kan einer lett ta overhand. Då skuggar den ut andre planter, og røsslyngen svekkast og døyr. Eit landskap overgrodd med høg einer er særs brannfarleg. Bryt det ut brann i slik vegetasjon ein tørr sommarsdag, er brannen nesten umogeleg å sløkke. Ved kontrollert lyngbrenning i vinterhalvåret, går det derimot fint å brenne små og mellomstore einerbusker. Men før me set eld i eit område med mykje einer, lyt me alltid sjekke om det ligg hekkande fugl under buskane. Til skilnad frå røsslyngen, som spirer opp att etter brann, vil einerplanten normalt døy hvis den har brent skikkeleg. Men ofte står dei grovaste greinane att som utbrente «skjelett» i landskapet. Den harde veden gjer at dei brytast langsamt ned, og difor lyt dei fjernast manuelt ei tid etter brannen. Har einerbuskane vorte mannshøge eller meir, er det ikkje tilrådeleg å setja fyr på dei. Det er dessutan vanskeleg å få dei til å fatna skikkeleg på den tida av året me brenn lyng. Då lyt dei fjernast manuelt, og det er det som går føre seg på Lyngheisenteret no om dagen.

Skriv en kommentar

Close Menu

Siste innlegg