Skip to main content

ULL FRÅ GAMALNORSK SAU

Dato: 5. oktober 2023
Tid: 00:00 - 00:00
Sted: Gripen gard - Rurale tidsreiser, Gripavegen 86, 5919 Frekhaug

Med fokus på ull frå gammalnorsk sau inviterer me bonde, produsent og handverkar, til markmøte på Gripen Gard.

Arrangementet er ein del av Ullveka-23

I Gripen får du sjå ulla medan ho veks på sauen.

Kan me påverka kvaliteten på ulla ?
Kva skil god ull frå dårleg ull ?
God ull for kven… og til kva ?

Naturleg pigmenteret ull, som me arvar frå sauene våre, er ein nesten ubrukt ressurs i Norge idag.

Nokre få sorterer ulla heime på garden og videresender til produsentar som lagar garn.

Nokre spennande prosjekt er i startgropa, som f.eks. ULLdorado biogjødsel & VerdiFULL m.fl.

Kva tenkjer me som produserer denne ulla ?
Kva tenkjer du som produserer garn eller strikkar ?

Leiar i Vest Villsaulag, Eli Bjørklid opnar møtet.
Helene Olli Sollid fortel om ulla i Gripen.
Du kan fortelje om ulla di.
Me legg opp til felles diskusjon og engasjement.

Lett servering, kaffi og te.

Vert det surt og mørkt, set me oss inn i den lune Gripaløo.
Du er varmt velkommen 🙂

Påmelding til : post@vestvillsaulag.no
Pris : 200,- pr.pers.

Forhåndsbetaling til Vest Villsaulag
Vipps – 788696
Eller kontonr. : 3626 308 3711

Merk betalinga med navn og Gripen.

Mvh. Styret i Vest Villsaulag

Close Menu

Siste innlegg