Skip to main content
Presentasjon av gardUll

Gripen gård

Av 26. januar 2020februar 24th, 2020Ingen kommentar
Presentasjon Gripen gard
Eg driv jo med grunnforskning på ull og avl på individnivå, og har ein stall på pluss minus 10 avlsverar som eg både avlar sjølv og hentar inn. I tillegg sorterar eg, og jaktar på den mjuke ulla, som kan vere med på å gi verdien attende til villsau-ulla. Eg spinn ganske mykje no, og kan vise til godt resultat. Eg ivrar og for at me skal starte produksjon av isolasjonsmatter av ull. Eg skal isolere mitt eige hus med ull frå eigne sauer no. Eg er og oppteken av vinterfor, og haustar lyng på øyane saman med tang og fir dei. Dei får o g furu og anna gnag.  Eg vil og sjå kor gamle sauene kan verte, så eg har nokre gamle eg som får vere pensjonistar. Og mykje anna. Akkurat no er eg litt indisponert, men no gler eg meg veldig til å kome i gang att med det nye kneet! 🙂 Eg sit i sjukehussenga og skriv dette.
Brosjyren «Ullruta» kan lastes ned her.
Beste helsing
Helene Olli Sollid,
Gardbrukar og altmuligoter
Gripen gard
Gripavegen 86, 5918 Frekhaug
56176416/99293971

Skriv en kommentar

Close Menu

Siste innlegg